Igjen tid for oppdatering. Siden sist har eg vore på 3 bokturer - å her kjem eit lita oppsummering:
Eine bokturen drog vi til Kisongo - som er eit lokalt marked berre ca ein halvtimes roleg kjøring frå Arusha. Markedet var stappa med folk, men det bar tydeleg preg av den tørkekatastrofen som no herjer i Tanzania. Folket her lever frå hand til munn - og dei er såleis svært avhengig av at regnet kjem; At avlinga gror, og dyra finn vann og beite. Bøker er difor ei luksusvare dei færreste klara å unne seg.
Ngaranyiki var målet for boktur nr 2. Dette markedet ligger opp i fjellene mot Kilimanjaro og Mt Meru, og er mykje meir avsides enn Kisongo. Folket her er avhengige av at vi kjem, for her er det nemleg ingen andre som sel kristen litteratur. Før denne turen hadde vi eit lite strategi møte, og vi hadde rimeligere litteratur med oss. Det var lurt - for om omsetninga ikkje blei høgare, så veit eg for visst at meir bøker blei solgt - og slik får fleire muligheten til å høyre historier om Jesus, lese og få "opplæring" i bønn, synge kristne sangar etc... Dessverre tok eg berre eit bilete på denne turen - ja eg skal bli betre til å ta bilder - men her ser ein då Benista (Bookshop Manager) og Reidun Svendsen som er ei skikkeleg dreven Tanzania misjonær. Stor takk til Reidun som var til umåteleg stor hjelp og inspirasjon. Litt til høyre - og langt bak kan ein skimte maaange flamingoer!!
Boktur nr 3 gikk ikkje heilt som forventa - og om ein ser på boksalget så vart det bomtur. Vi hadde fått greie på at det skulle være en stor "happening" i ei kirke denne dagen - og vi var ønska velkommen. Når vi kom frem vart vi invitert til å spise ilag med Biskopen i Arusha, et medlem av Parlamentet i Tanzania og en del andre rådgivere og pastorer - så ittekvart forstod vi at denne dagen ikkje handla om boksalg. Dette var nemleg ein stor tilstelning for "fund raising" til ein skole. Oioioi - og vi som hadde fått hedersplasser saman med dei som gav svære beløp! Etter 6 timar trakk vi oss forsiktig ut av kirka og heimover - og kunne slå fast at å blande "fund raising" med boksalg er ingen vinneroppskrift. Men som ein vis mann sa seinere på kvellen - "You have to count your experiences as blessings". Ellers skal det nevnes at Tanzanianere er skikkeleg flinke på fund-raising - et gigantisk opplegg dem hadde laga istand. Kreativiteten er utfordra på mange plan - nett som på alle dei forskjellige julemessene ein finn rundt ikring i Noregs land.
Innhøsting
1 time siden


3 kommentarer:
Kjekt å lesa bloggen din, Sindre! Merkar at eg saknar Tanzania ein heil del! Kossen går d med swahilien? Elle e d helste norsk d går i?
Du er allereie ein god bokseljar! Du, ein liten ting: Trur du har miksa fam Stensland og fam Indrebø i lista di til høgre...
Haya bwana (kijana Knut), ninafanya na shida huyu sasa hivi..
Mama Marit - Ninapenda kujifunze kiswahili sana - onsdag na fredag nilikwenda Schule wa Kiswahili, nimefurahi kabisa :) Habari za Norwei?
Legg inn en kommentar